@solfure: ⛰️ Kyrkja 2032 moh – ein luftig klassikar i Jotunheimen Kyrkja er utan tvil eitt av dei mest ikoniske fjella i Jotunheimen – med den karakteristiske, spisse toppen som reiser seg rett opp frå landskapet ved Leirvassbu. 🥾 Turen startar frå Leirvassbu, der du kan køyre bil heilt inn. Herfrå går du over brua og følger grusvegen eit lite stykke, før du tek av til venstre og inn på sti mot Kyrkja. 📍 Stien er ikkje spesielt godt merka heile vegen, så eg anbefaler å laste ned UT-appen og sjekke kartet innimellom for å vere sikker på at du held rett spor. Vi hadde mobildekning heile vegen. Etter kvart blir terrenget stadig brattare, og den siste delen opp mot toppen er både bratt og luftig. Her må du bruke hendene enkelte stader, og dette er ikkje turen eg ville valt dersom du er ukomfortabel med høgder. Men for deg som likar litt klyving og luft under beina, er det ein skikkeleg flott topptur! På toppen, 2032 meter over havet, blir du belønna med ei fantastisk utsikt over fjellheimen rundt Leirvassbu. 🤍 📊 Våre tal: • 11,36 km tur/retur • 782 høgdemeter • I underkant av 4 timar totalt Ein nydeleg, variert og akkurat passe spennande tur til eitt av dei mest ikoniske fjella i Jotunheimen. ⛰️✨#kyrkja #jotunheimen #topptur #norge

Ingeborg Sol Fure
Ingeborg Sol Fure
Open In TikTok:
Region: NO
Tuesday 11 August 2026 17:35:47 GMT
3659
118
2
16

Music

Download

Comments

elinthenurse
emo04 :
Flott tur, heldig med vær også 🥰👍
2026-08-25 15:39:31
0
stillclimbingup
Still Climbing :
Herlig tur dette!
2026-08-12 11:00:30
0
To see more videos from user @solfure, please go to the Tikwm homepage.

Other Videos


About